Instrument, kor, samspel (MUS05‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I instrument, kor, samspel handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å byggje eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet i arbeid med individuelle og kollektive utøvande prosessar. Gjennom aktivitetar som deltaking i ulike kor- og samspelaktivitetar blir mellommenneskelege relasjonar bygde. Ved å ta ansvar for langsiktig øving åleine og i fellesskap får elevane høve til å oppleve meistringskjensle og tru på at innsats har noko å seie for eiga utvikling. Vidare omfattar det tverrfaglege temaet medvit om fysisk og psykisk musikarhelse. Dette blir utvikla ved at elevane tileignar seg sunne arbeidsfysiologiske vanar knytte til utøving på fordjupingsinstrument og strategiar for å handtere mentale sider ved det å prestere i førebuing til og i formidlingssituasjonar.
Demokrati og medborgarskap
I instrument, kor, samspel handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å vareta uttrykksmangfald som eit demokratisk prinsipp, gjennom erfaring med å utøve, formidle og oppleve musikk. Gjennom deltaking i ulike kor- og samspelaktivitetar og kollektive kreative prosessar utviklar elevane fellesskapskjensle og evne til å handtere meiningsbrytingar, respektere usemje og arbeide saman mot eit felles mål. Vidare utviklar elevane forståing av korleis deltaking i musikk som uttrykksform bidreg til medborgarskap.