Mediesamfunnet (MOK01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter mediesamfunnet 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- produsere innhald tilpassa ulike mottakarar innanfor journalistikk, marknadskommunikasjon, informasjon og underhaldning
- utforske og vurdere ny medieteknologi og aktuelle publiseringskanalar og kommunikasjonsformer
- bruke grunnleggjande modellar for kommunikasjon, tekstforståing og mottakarforståing i eigne produksjonar
- beskrive og kommentere eigne og andres medietekstar ved hjelp av fagomgrep
- gjere greie for grunnleggjande retoriske strategiar i medietekstar, og produsere eigne argumenterande og informerande tekstar
- gjere greie for etiske normer og gjeldande lover og reglar og nytte desse i eigne produksjonar
- bruke strategiar for kjeldesøk og utøve kjeldekritikk i tilknyting til tekstar og medieproduksjonar
- beskrive eigen mediebruk og diskutere eiga rolle som deltakar i media
- drøfte døme på korleis medium framstiller og representerer ulike individ og grupper i samfunnet
- drøfte grunnleggjande problemstillingar knytte til demokrati og ytringsfridom og representasjon i media
- presentere sentrale hendingar i mediehistoria
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i mediesamfunnet 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei produserer innhald innanfor ulike sjangrar, tilpassa ulike mottakarar, medium og publiseringskanalar. Dei viser og utviklar kompetanse når dei nyttar verkemiddel, etiske normer og kjeldekritikk i eigne tekstar og produksjonar òg, og når dei kjenner att dette i andre sine tekstar og produkt. Vidare viser elevane kompetanse når dei bruker døme og omgrepsapparat på ein presis måte for å diskutere mediehistoriske hendingar og rolla til media i samfunnet. Dei viser òg kompetanse når dei bruker grunnleggjande kommunikasjonsmodellar for å gjere greie for faglege val, og når dei vurderer og diskuterer eigen mediebruk og andre mediefaglege problemstillingar, munnleg og i eigne tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å gi elevane varierte utfordringar innanfor ulike sjangrar og arbeidsmetodar og gjennom å gi dei tilbakemeldingar i ulike former knytte til arbeidsprosessar og presentasjonar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i arbeid med skriftlege og samansette tekstar, produksjonar og prosjekt, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Læraren skal leggje til rette for kritisk tenking gjennom aktuelle og varierte døme, samtalar og faglege diskusjonar. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin innanfor innhaldsproduksjon, argumentasjon, analyse og kjeldeferdigheit.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter mediesamfunnet 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i mediesamfunnet 1 basert på kompetansen eleven har vist gjennom arbeid med samansette medietekstar i ulike sjangrar, gjennom arbeid med argumenterande tekstar og gjennom refleksjon, val og anvend fagkunnskap i tekstar, presentasjonar, diskusjonar og prosessar.