Mediesamfunnet (MOK01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Faget mediesamfunnet handlar om kommunikasjon, kritisk tenking og innhaldsproduksjon innanfor ulike mediesjangrar. Faget skal gi elevane praktisk erfaring med korleis mediebodskap blir produserte og brukte, og forståing av korleis media kan påverke individ og samfunnsutvikling. Mediesamfunnet rustar elevane til å bli deltakarar på sentrale arenaer for meiningsutveksling og demokratiske ytringar. Faget førebur elevane på eit arbeidsliv der brei kompetanse innanfor skriftleg, munnleg, visuell og auditiv kommunikasjon har stor betydning.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Mediesamfunnet skal bidra til å gi elevane eit etisk medvit og vere med på å gjere dei til reflekterte og ansvarlege menneske. Det inneber å forstå og verdsetje grunnleggjande demokratiske verdiar. I mediesamfunnet skal elevane utvikle evna til å tenkje kritisk om korleis kjelder blir brukte, både i eigne arbeid og i media. Gjennom arbeid med aktuelle medietekstar skal elevane bli medvitne om ein stadig skiftande mediekvardag og få kjennskap til korleis media speler ei viktig rolle i offentlegheita.