Læreplanteksten er oppdatert med valet ditt.

Mediesamfunnet (MOK01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter mediesamfunnet 2

  • produsere publiseringsklart innhald tilpassa ulike målgrupper, innanfor journalistikk, marknadskommunikasjon, informasjon og underhaldning
  • diskutere ny medieteknologi og aktuelle publiseringskanalar og kommunikasjonsformer, og utvikle innhald for desse
  • gjere greie for grunnleggjande teoriar om marknadskommunikasjon og segmentering, og bruke dei ved eigne produksjonar
  • analysere og diskutere strategiar i eigne og andres medietekstar, og gjennomføre eigne argumenterande og informerande tekst- og medieproduksjonar
  • diskutere etiske normer og gjeldande lover og reglar og nytte dei i eigne produksjonar
  • dokumentere og diskutere kjeldebruk i eigne og andres tekstar og produksjonar
  • gjere greie for og vurdere korleis media innhentar og presenterer kjeldemateriale og statistikk
  • gjere greie for teoriar om mediebruk og mediepåverknad, og drøfte korleis medium påverkar individ og samfunn
  • gjere greie for hovudtrekka i nasjonal mediepolitikk
  • drøfte kva ytrings- og pressefridom har å seie for eit demokratisk samfunn
  • diskutere korleis energi, miljø og berekraft er knytt til utvikling, produksjon og bruk av medieteknologi

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering