Logistikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (LOG05‑01)
Vurderingsordning
Laster

Sluttvurdering
Før fagprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen som er laga ut frå læreplanen i vg3 logistikkfaget (LOG03-02). Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i logistikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne skal avsluttast med ei fagprøve. Fagprøva lagast ut frå læreplanen i vg3 logistikkfaget (LOG03-02). Alle skal opp til fagprøva som skal gjennomførast på to til tre vyrkedagar.
For å kunna meldast opp til fagprøva, skal kandidatane ha dokumentert tryggingsopplæring for truck klassa T1 og bestått sertifisert tryggingsopplæring for truck klassa T2 og T4.