Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter produksjon og logistikkoperatøren si rolle

  • handtere avfall i tråd med bedriftsinterne krav og reflektere over miljømessige konsekvensar av avfallshandteringa
  • følgje den interne beredskapsplanen til bedrifta og utføre førstehjelp på ein skadestad
  • behandle ordrar i samsvar med rutinane til bedrifta
  • bruke dei digitale og elektroniske ressursane i bedrifta i kommunikasjon i og dokumentasjon av dei ulike arbeidsprosessane i verdikjeda
  • klargjere og handtere gods i samsvar med kravet bedrifta har til kvalitet og lønnsemd
  • velje emballasje og lastberar for kvar enkelt vare- og godstype og emballere for lagring og transport
  • klassifisere gods for transport i samsvar med innhaldet i sendinga
  • følgje nasjonalt og internasjonalt regelverk og tilhøyrande krav til dokumentasjon for å handtere og flytte gods eller passasjerar
  • velje, bruke, kontrollere og halde ved like tekniske hjelpemiddel og reflektere over konsekvensane av manglande vedlikehald
  • yte service og gi kundebehandling overfor kollegaer, eksterne aktørar og kundar i tråd med måla til bedrifta

Undervegsvurdering