Logistikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (LOG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter grunnleggjande bransjeforståing
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og over kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
- gjere greie for omgrepa og forklare samanhengen mellom berekraftig utvikling, miljøvenleg drift og grøn logistikk (Henta frå læreplan i vg2 transport og logistikk)
- forklare prosedyrar ved transport over landegrenser (Henta frå læreplan i vg2 transport og logistikk)
- gjere enkle økonomiske berekningar og vurdere kva faktorar som har betydning for prisfastsetting av oppdrag (Henta frå læreplan i vg2 transport og logistikk)
- lytte til, forstå og bruke fagterminologi munnleg og skriftleg i arbeidssituasjonar (Henta frå læreplan i engelsk)
- lese og samanfatte fagleg innhald frå engelskspråkleg dokumentasjon (Henta frå læreplan i engelsk)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen grunnleggjande bransjeforståing når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen grunnleggjande bransjeforståing. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i grunnleggjande bransjeforståing. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
