Vg3 logistikkfaget (LOG03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 logistikkfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om kompetanse til å gjere gode, langsiktige val for å kunne handtere psykososiale utfordringar og arbeide i faget over tid. Det handlar òg om korleis skiftarbeid, fysisk krevjande arbeid og stillesitjande arbeid påverkar oss, og korleis trening, gode søvnrutinar og eit sunt kosthald kan fremje fysisk og psykisk helse.
Berekraftig utvikling
I vg3 logistikkfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å forstå og reflektere over korleis ulike val i samband med person-, vare- og godstransport påverkar miljøet. Det handlar òg om å bruke grøn logistikk og å velje transport, emballasje og avfallshandtering som reduserer miljøavtrykket til bedrifta.
