Vg3 logistikkfaget (LOG03‑02)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i vg3 logistikkfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på to til tre vyrkedagar.
For å kunne meldast opp til fagprøva skal kandidatane ha dokumentert sikkerheitsopplæring for truck klasse T1 og bestått sertifisert sikkerheitsopplæring for truck klasse T2 og T4.