Læreplanteksten er oppdatert med valet ditt.

Entreprenørskap og bedriftsutvikling (ENT01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter entreprenørskap og bedriftsutvikling 1

  • bruke kjelder, teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar
  • utforske ulike kreativitetsprosessar og utvikle forretningsidear
  • utforske og bruke ulike innovasjonsprosessar ved etablering av verksemder
  • utvikle forretningsmodellar og vurdere opp mot berekraftig utvikling
  • utforske og vurdere korleis samhandling påverkar innovasjon og utvikling
  • samanlikne og vurdere informasjon om marknader, kjøpsåtferd og segment for å ta avgjerder
  • gjennomføre situasjonsanalyse, vurdere utviklingsmoglegheiter og setje mål i ein oppstartsfase
  • utforske og bruke ulike konkurransemiddel i ein oppstartsfase
  • vurdere og velje selskapsformer ut frå risiko og ansvar ved etablering
  • reflektere over kva som kjenneteiknar ein god leiar i etableringsfasen, og korleis leiar og medarbeidarar samhandlar og set saman gode team
  • berekne og vurdere pris og kapitalbehov, utarbeide budsjett og vurdere finansieringsmoglegheiter med tanke på risiko og ansvar for ei ny verksemd
  • lese rekneskap og nøkkeltal for å vurdere lønnsemda til ei verksemd
  • reflektere over kva entreprenøriell kompetanse er, og vurdere kva det har å seie for utvikling av verksemder

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering