Entreprenørskap og bedriftsutvikling (ENT01‑04)
Kjerneelement
Innovasjon
Kjerneelementet innovasjon handlar om å setje i verk nye former for verdiskapande aktivitetar knytte til produkt- og prosessinnovasjonar. Innovasjon handlar om å utforske kreativitet gjennom iverksetjing av idear. Innovasjon handlar òg om å setje i verk og gjennomføre innovative handlingar i oppstartsfasen av verksemder, og om å vidareutvikle verksemder i tråd med endringar i samfunn og næringsliv.
Verdiskaping og berekraft
Kjerneelementet verdiskaping og berekraft handlar om konsekvensar som handlingane til verksemder har på verdiskaping, og kva berekraftig utvikling har å seie i eit samfunnsperspektiv. Det inneber òg å følgje reglar og normer og å vere medviten om etiske val. Kva visjonar og verdiar verksemdene vel, og bruken deira av teknologi, kommunikasjon og nettverk har noko å seie for verdiskaping. Berekraft handlar om det sosiale, økonomiske og miljømessige samfunnsansvaret verksemder har for å ta val som varetek både lokale og globale interesser.
Strategi og verksemdsutvikling
Kjerneelementet strategi og verksemdsutvikling handlar om korleis verksemder blir etablerte, drifta og vidareutvikla. Strategi handlar om å analysere rammene, setje mål, leggje planar og utvikle levedyktige verksemder. Verksemdsutvikling handlar om å vurdere behov for innovasjon og vidareutvikling, og om å utvikle omstillingsevne for å handtere endringar i marknad og samfunn.