Teaterproduksjon fordjupning (DRA05‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnleg ferdigheiter i teaterproduksjon fordjuping inneber å kommunisere om prosjekt og i framsyningsarbeid ved å bruke fagspråk. Vidare inneber det å formidle scenisk tekst presist og artikulert i ulike sceniske samanhengar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i faget teaterproduksjon fordjuping inneber å produsere eigne tekstar og omarbeide ulike tekstar i framsyningsarbeid. Det handlar òg om å bruke fagspråk og å formidle idear og skisser.
Å kunne lese
Å kunne lese i teaterproduksjon fordjuping inneber å analysere, tolke, reflektere over og formidle ulike tekstar i scenisk arbeid.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i teaterproduksjon fordjuping inneber å bruke matematiske framgangsmåtar og tenking for å planleggje og gjennomføre ulike teaterproduksjonar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i teaterproduksjon fordjuping inneber å vere kjend med digitale ressursar og dei teknologiske moglegheitene teateret har, og å bruke desse i produksjonsarbeid. Vidare handlar det om å utvikle digital dømmekraft.