Teaterproduksjon fordjupning (DRA05‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter teaterproduksjon fordjuping 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utarbeide og realisere sceniske konsept og uttrykk ved å bruke ulike teaterfaglege metodar
- bruke ulike former for teksttilnærming, dramaturgiske inngangar og modellar i arbeid med iscenesetjing
- eksperimentere med sceniske verkemiddel og integrere tekniske, scenografiske og audiovisuelle løysingar
- leie skapande arbeid, ta val og reflektere over korleis vala verkar inn på arbeidsprosessane i gruppa, produksjonen og publikum i det endelege uttrykket
- gjere greie for prinsipp for regi og skodespelarteknikk og nyttiggjere seg desse i kollektivt skapande framsyningsarbeid
- drøfte og prøve ut korleis teater som ytringsform kan bidra til å kaste lys over samfunnsutfordringar og bidra til berekraftig utvikling
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teaterproduksjon fordjuping 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei arbeider med sceniske verkemiddel, dramaturgi og analyse, og når dei drøftar og utforskar teater som kunstnarisk uttrykksform. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei tek eigne val, og når dei deltek i og leier kollektivt skapande prosessar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske sceniske verkemiddel og utvikle seg i rolla som iscenesetjar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å forstå, analysere og bruke dramaturgiske inngangar og modellar i skapande aktivitet, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle eigne leiareigenskapar og utforske moglegheitene i teateret som ytringsform og kunstnarisk uttrykk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teaterproduksjon fordjuping 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teaterproduksjon fordjuping 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å utforske og analysere scenisk materiale og konsept, ved å utvikle teatrale uttrykk og forståing av moglegheitene i teateret og ved å delta i og leie kollektivt framsyningsarbeid.