Betongfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (BET05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, gjennomføre arbeid i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobb-analyse og rapportere om uønskte hendingar
- gjere greie for sikkerheitstiltak ved arbeid i høgda, bruke stillas og sikre risikoutsette arbeidssituasjonar
- følgje rutinar for å stroppe og anhuke, og vurdere konsekvensar av brot på rutinar
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, drøfte korleis arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar kan førebyggje helseskadar, og reflektere over konsekvensar av støy og vibrasjon
- bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, gjenbruke materiale og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
- gjere greie for riggplan, gjennomføre riggarbeid, sikre byggjeplassen og vurdere ulike tiltak som sikrar risikoutsette arbeidssituasjonar
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- montere og bruke arbeidsplattformer på opptil ni meter og setje i verk tiltak for å redusere risiko ved arbeid i høgda (Henta frå læreplan i vg2 betong og mur)
- gjere greie for varme arbeid som brannårsak, gjennomføre sikkerheitstiltak og hindre brann (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
- anvende sikkerheitsdatablad og følgje instruksar ved bruk av kjemikaliar (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
- tolke og bruke samansette måleiningar i praktiske samanhengar og velje eigna måleining (Henta frå læreplan i matematikk P)
- utforske og bruke eigenskapane ved geometriske figurar, målestokk og trigonometri til å berekne lengder, vinklar og areal i problemløysing innanfor bygg- og anleggsfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
- utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
- gjere greie for argumentasjonen til andre og bruke og følgje opp innspel frå andre i samtalar og diskusjonar om yrkesrelevante emne (Henta frå læreplan i engelsk)
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar, drøfte ulike løysingar som bidreg til å redusere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting, og setje i verk tiltak
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen helse, miljø og sikkerheit og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen helse, miljø og sikkerheit og arbeidsliv. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i helse, miljø og sikkerheit og arbeidsliv. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
