Forskrift til opplæringslova
§ 10-2 Full skyssgodtgjersle
Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella fylkeskommunen ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med fylkeskommunen så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må fylkeskommunen likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.
Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte med 2,50 kr per kilometer. Eit tillegg på 0,45 kr per kilometer skal givast for kvar ekstra passasjer, dersom passasjeren er ein annan elev med rett til skyss, eller det er nødvendig følgje. I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane ovanfor. Tapt arbeidsinntekt for den som køyrer eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.
Endra ved forskrifter 31 aug 2009 nr. 1217, 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011), 28 mai 2017 nr. 2443 (i kraft 1 feb 2018), 8 juni 2018 nr. 845.