Treningsleiing (IDR04‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Treningsleiing handlar om å utvikle kompetanse til å bli ein god trenar og leiar. Faget skal bidra til å rekruttere kvalifiserte leiarar og trenarar til ulike delar av samfunnet. Faget skal gi elevane kompetanse til å organisere og leggje til rette for eit godt aktivitetstilbod som kan bidra til at flest mogleg i eit lokalsamfunn opplever meistring og dermed blir meir motiverte for fysisk aktivitet og trening.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Treningsleiing skal bidra til at elevane får kompetanse som gjer dei i stand til å leggje til rette for eit motiverande og inkluderande læringsmiljø. Ved å delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitet, trening og arrangement utviklar elevane samarbeidsevner og demokratiske verdiar. Dette gir elevane eit godt grunnlag for å bli ansvarsmedvitne leiarar. Faget skal bidra til at elevane utviklar respekt for og empati med grupper og individ med ulike føresetnader og ulik kulturtilhøyrsel. Elevane utviklar engasjement og opplever skaparglede ved å omsetje idear til handling i praktisk leiing.