Idrett og samfunn (IDR03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I idrett og samfunn handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle elevane si forståing av kva fysisk aktivitet har å seie for individet og for samfunnet. Faget kan bidra til å utvikle elevane si forståing av gode verdival og av påverknaden til media, og det kan bidra til at elevane ser verdien av eit samfunn der har vi kroppsideal med rom for menneskeleg mangfald. Med utgangspunkt i idretten skal elevane få kunnskap om kven dei er, og korleis dei kan meistre sitt eige liv og si eiga helse.
Demokrati og medborgarskap
I idrett og samfunn handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om evna til kritisk tenking og evna til å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje. Faget skal utvikle elevane si forståing av temaet ved å stimulere elevane til å reflektere over oppbygginga av idretten i lag og organisasjonar på alle nivå. Faget kan gi kunnskap om og forståing av kva verknad individuelt engasjement kan ha på utvikling i eige idrettslag, i idrettsorganisasjonar generelt, i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité spesielt, i dei samiske idrettsorganisasjonane, og i samfunnet elles.
Berekraftig utvikling
I idrett og samfunn handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere over forbruket til idretten på fleire område i samfunnet både lokalt, nasjonalt og globalt. Samfunnet vårt er avhengig av dugnad, og faget idrett og samfunn kan gi elevane den kunnskapen og den forståinga dei treng for å delta i lokalt dugnadsbasert arbeid som er til nytte for samfunnet og i samsvar med grunnlaget for naturressursar. Faget kan bidra til at elevane ser samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold og korleis levesettet og ressursbruken til menneske har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.