Idrett og samfunn (IDR03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Idrett og samfunn handlar om å forstå korleis idretten er ein viktig del av samfunnet. Faget gir elevane høve til å utvikle evne til kritisk tenking og refleksjon så vel som høve til å utvikle forståing av ulike verdiar i, aspekt ved og utfordringar i idretten. Idrett og samfunn gir elevane grunnlag for å sjå samanheng mellom idrettshistoria og framtidige moglegheiter. Faget rustar elevane til å delta og sjå samanheng i demokratiske prosessar i idrettsorganisasjonar på alle nivå. Idrett og samfunn gir elevane verdifull innsikt i korleis idretten påverkar og blir forma av samfunnet. Opplæringa skal gi elevane kunnskap om kva idretten betyr som ein sosial arena. Faget gir elevane høve til å forstå korleis idretten skaper samhald og fellesskap på tvers av kulturar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget idrett og samfunn skal bidra til at elevane engasjerer seg i framtidsretta idrettsleg utvikling. Idrett og samfunn gir elevane høve til å forstå det moralske og etiske verdigrunnlaget for idretten og til å utvikle medvit om og respekt for naturen og miljøet. Faget førebur elevane til arbeid innanfor idrett og kultur. Gjennom arbeid med idrettshistorie, idrettsorganisering og idrettspolitikk og kva betydning media har for idretten, skal elevane utvikle forståing av verdiar som inkludering, toleranse, likeverd, likestilling og fair play.