Vg3 handvevarfaget (HVF03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 handvevarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle handlag, gode arbeidsrutinar og evne til problemløysing, og om å utvikle identitet og ta ansvarlege val i eige liv og i skapande arbeid. Det handlar òg om korleis ein kan gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar i eit fleirkulturelt arbeidsmiljø og nettverk i samarbeid med andre og i arbeid med oppgåver innanfor handvevarfaget.
Berekraftig utvikling
I vg3 handvevarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere kritisk over materialval, funksjon og kvalitet. Det handlar òg om å vurdere verdikjeda til produktet frå råvare til montert og etterbehandla tekstil, for å skape produkt som er haldbare og kan reparerast. Vidare handlar det om å utforske nye og miljøvennlege materiale og ny teknologi. Berekraftig utvikling handlar òg om at faget er ein del av arbeidet med å sikre verdas natur- og kulturarv.