Vg3 handvevarfaget (HVF03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 handvevarfaget handlar om vegen frå tråd til voven tekstil og om ulike vevteknikkar, verktøy og materiale. Gjennom praktisk arbeid i veven utviklar lærlingane kunnskap om tradisjonelle og nye tekstilar til mellom anna interiør, kledning, bunadsstoff og utsmykkingar. Faget skal utvikle yrkesutøvarar som kan dekkje behovet for produksjon av handvovne tekstilar og unike produkt til eit breitt spekter av private og offentlege kundar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 handvevarfaget skal bidra til å utdanne framtidas handvevarar og tradisjonsberarar i faget der dei skal produsere berekraftige og haldbare tekstilar. Gjennom praktisk arbeid i vevstolen skal lærlingen utvikle handlag og fagleg identitet og oppnå meistring. Faget fører vidare tradisjonell handverkskunnskap og skal bidra til å skape respekt og forståing for kultur- og naturarv. Vidare skal faget bidra til å gi lærlingen kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivarar og arbeidstakarar, og om betydninga av trepartssamarbeidet i norsk arbeidsliv.