Vg3 handvevarfaget (HVF03‑02)
Kjerneelement
Handveving
Kjerneelementet handveving handlar om å setje opp ein vev og handveve tekstilar i ein vevstol. Det handlar om å kjenne samanhengen mellom materiale, reiskap, teknikk, binding og trådtettleik, tilpassa funksjonen og uttrykket til vevnaden. Vidare handlar kjerneelementet handveving om å bruke og halde ved like verktøy og utstyr og om ergonomiske og varierte arbeidsstillingar og rørsler. Det betyr å arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit.
Tråden
Kjerneelementet tråden handlar om dei ulike eigenskapane til tekstilfibrane og kunnskapen om produksjon, opphav, kvalitet og vedlikehald. Det handlar òg om å arbeide med ulike materiale og verktøy for å utforme og framstille ulike vevprodukt. Vidare handlar det om å forstå samanhengen mellom eigenskapane og bruksområda til materialet, kvalitet, etiske val og ei ressursvennleg utnytting.
Vevnaden
Kjerneelementet vevnaden handlar om den kreative prosessen frå idé til ferdig voven tekstil. Det handlar òg om å analysere vovne tekstilar og å veve farge- og materialprøver, lage skisser og arbeidsteikningar og å bruke digitale vevprogram. Vidare handlar det om å forstå samanhengen mellom lokale vevtradisjonar og moderne uttrykk for å skape eigne vevnader. Det handlar òg om å montere og etterbehandle vovne tekstilar for ulike bruksområde.
Formidling
Kjerneelementet formidling handlar om å presentere eige arbeid og rettleie kundar i ulike samanhengar. Det handlar òg om å marknadsføre og selje eigne vevnader, vevoppskrifter og tenester gjennom ulike nettverk. Vidare handlar det om å formidle tekstilhistorie og gi handvovne produkt ein identitet. Det handlar òg om å følgje gjeldande regelverk for tekstilproduksjon, vedlikehald og tekstilmerking, og å ha kjennskap til rammevilkåra for næringa.