Vg3 handvevarfaget (HVF03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
  • setje opp ein vev og gjere greie for korleis ulike val av materiale og reiskapar påverkar arbeidsprosessen
  • utforske og nytte grunnbindingane og variasjonar av desse i eige arbeid
  • gjennomføre bestillingsoppdrag innanfor gitte rammer
  • lage og nytte skisser og arbeidsteikningar som grunnlag for idéutvikling og presentasjon av eige arbeid
  • berekne tid og pris på eigne produkt og tenester og vurdere samanhengen mellom materialval, produktivitet og lønnsemd
  • utforske og bruke ulike vevoppskrifter, utvikle eigne oppskrifter og gjere greie for korleis materialbruk, trådtettleik, binding og formgiving påverkar kvalitet og funksjon
  • drøfte eigenskapane og opphavet til dei ulike tekstilfibrane og korleis dei blir produserte, og gjere greie for etiske val, ressursutnytting, tilgjengelegheit og haldbarheit og bruke denne kunnskapen i eige arbeid
  • etterbehandle og montere vevnader og nytte relevant merking og vasketilvising
  • reparere og halde ved like vovne tekstilar og gjere greie for korleis ulike val påverkar kvalitet og haldbarheit
  • analysere form, farge, struktur, tekstur og tradisjon i vovne tekstilar og kunne bruke dette som inspirasjon i eige arbeid
  • gjere greie for vevtradisjonar, historie og lokale særpreg, reflektere over dette i eit kulturelt perspektiv og bruke denne kunnskapen i eiga formgiving
  • bruke fagspråk i formidling og presentasjon av eige arbeid
  • rettleie kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar om design, materiale og fargeval
  • nytte digitale ressursar i arbeidsprosess, marknadsføring og presentasjon av eige arbeid
  • finne informasjon for å drøfte faglege spørsmål og problemstillingar, og bruke kjeldene på ein måte som lar seg etterprøve
  • nytte og halde ved like maskiner, verktøy og utstyr i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke formålstenlege arbeidsstillingar og gjere greie for korleis ein kan bidra til gode arbeidsrutinar i ein produksjon
  • gjere greie for gjeldande lovverk om opphavsrett og marknadsføring og følgje dette i eige arbeid
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren

Undervegsvurdering