Vg3 ernæringskokkfaget (EKF03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere produksjon av ernæringsriktig mat og spesialkost ut frå ut frå oppskrift, råvaretilgang, produksjonsmetode og beskriving
- gjennomføre mottakskontroll og lagerrullering og vurdere samanhengen mellom kvalitet, vareflyt, svinn og ressursutnytting
- sikre trygg matproduksjon gjennom å praktisere god personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene, i samsvar med rutinane og regelverket til verksemda, og gjere greie for konsekvensar av avvik
- forstå og arbeide i tråd med kvalitetssystem og reflektere over kor viktig dette arbeidet er for verksemda, kundane og samarbeidspartnarane
- planleggje, lage til og servere mat og måltid etter ulike behov, allergiar, intoleransar, diagnosar og kost i ulike livsfasar
- partere og utføre anatomisk skjering og finstykke kjøtt og fjørfe og vurdere bruksområde og ressursutnytting
- reinse, filetere, dele opp og klargjere fisk og sjømat og vurdere kvalitet og ressursutnytting
- tilarbeide animalske, marine og vegetabilske råvarer og gjere greie for endringar som skjer i råvarene under tillaging
- velje eigna råvarer og tillagingsmetodar i utvikling av menyar og måltid og drøfte korleis råvarer og metodar tek omsyn til ernæringsmessig kvalitet og behovet til brukarane
- ordne til og presentere smakfulle, estetiske og appetittvekkjande rettar og menyar og reflektere over korleis dette kan bidra til matomsorg og gode måltidsopplevingar
- lage til samiske og norske spesialitetar og reflektere over korleis faget kan bidra til at mattradisjonar blir varetekne og førte vidare
- porsjons- og næringsberekne rettar og menyar for brukargrupper med behov for ulike diettar og forklare kva omsyn ein må ta ved servering under kort- og langtidsopphald
- reflektere over korleis kosthald påverkar folkehelsa, og nytte kompetansen i utvikling av menyar og måltid
- reflektere over korleis ønskte og uønskte mikroorganismar kan påverke forskjellige råvarer, halvfabrikat og ferdigvarer, og gjere greie for tiltak for å styre førekomsten
- gjere greie for og følgje rutinar for skadedyrnedkjemping i verksemda
- utvikle fagidentitet gjennom å bruke faguttrykk og tileigne seg kunnskap og kommunisere presist og forståeleg i samhandling med kollegaer, brukarar, gjester og samarbeidspartnarar
- kommunisere med ulike brukargrupper og ta omsyn til høve, årstid, behov, ulike religionar og kulturar i tillaginga av mat og måltid
- forklare og bruke fagkunnskap, faguttrykk, tillagingsmetodar og teknikkar og vere kreativ og nyskapande
- utvikle faglege ferdigheiter, nytte teknologi og ulike produksjonsteknikkar og reflektere over korleis dette kan bidra til innovasjon, effektivitet og forbetringsarbeid i verksemda
- bruke verktøy, maskiner og utstyr på ein kvalifisert måte, utføre førebyggjande dagleg vedlikehald og gjere greie for konsekvensen ved avvik
- følgje rutinar og reglar for helse, miljø og sikkerheit, bruke verneutstyr, jobbe ergonomisk rett, utføre førstehjelp og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- gjere greie for rammevilkår, lover og forskrifter og forklare kva rolle tilsynsmaktene har overfor verksemda
- nytte emballerings- og lagringsmetodar og gjere greie for korleis dette påverkar kvalitet og ressursutnytting
- følgje krav og rutinar for merking og sporing og gjere greie for konsekvensar ved avvik
- gjere greie for og handtere avfall i verksemda og reflektere over korleis avfall og utslepp påverkar miljøet
- gjennomføre næringsberekningar og enkle kalkulasjonar av svinn, produktutvikling og omsetning
- reflektere over korleis samhandling i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap kan fremje likeverd og likestilling
- beskrive måla og historia til verksemda og reflektere over korleis dette påverkar den daglege drifta
- gjere greie for organiseringa av verksemda, rettane og pliktene til arbeidstakaren og arbeidsgivaren, korleis partane i arbeidslivet samarbeider, og korleis dette bidreg til å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 ernæringskokkfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren og lærlingane skal vere i dialog om utviklinga til lærlingane i vg3 ernæringskokkfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.
