Teater og rørsle (DRA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre og dokumentere eigentrening som utviklar fleksibilitet, styrke og fysisk uthald
- utforske mentale teknikkar for psykisk uthald og prestasjonsførebuing
- prøve ut og reflektere over oppvarmings-, avspennings-, styrke- og konsentrasjonsøvingar, åleine og saman med andre
- utforske eigne fysiske moglegheiter, utfordre potensialet til kroppen og utvikle personleg mot i arbeid med teatrale formspråk
- bruke impuls, aksjon, reaksjon og koordinasjon i skodespelar- og framsyningsarbeid
- drøfte og reflektere over samanhengar mellom det å vere utøvande kunstnar og det å ha god fysisk og psykisk helse
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teater og rørsle 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei utviklar eit mangfaldig rørslevokabular gjennom arbeidet med styrke, uthald og fleksibilitet, og ved å bruke potensialet til kroppen i teatrale formspråk. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei set ord på og reflekterer over si eiga utvikling og samhandling med andre.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får erfare og trene seg i varierte rørsleaktivitetar og fysiske, teatrale uttrykk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å prøve ut og reflektere over samanhengen mellom fysisk aktivitet og skodespelarrolla, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle evna til å skape, utøve og uttrykkje seg som utøvande skodespelar og til å øve opp fysisk og mental kapasitet for teaterarbeid.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teater og rørsle 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teater og rørsle basert på kompetansen eleven har vist ved å reflektere over samanhengar mellom å det ha god helse og å vere utøvande skodespelar, ved å utforske eit mangfald av teatrale formspråk og ved å utforske og trene potensialet til kroppen både i skapande og utøvande aktivitetar.