Blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BLD05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål økonomi og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- nytte overslag og budsjett for å berekne materiale til produkt ut frå tidsbruk, innkjøp og lønnsemd
- vurdere korleis varelager, vareflyt, orden og tidsbruk påverkar økonomien i bedrifta og bruke denne kunnskapen i eige arbeid
- gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen økonomi og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen økonomi og arbeidsliv. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i økonomi og arbeidsliv. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
