Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter materialkunnskap og yrkesidentitet

  • vurdere botanisk materiale i produksjon ut frå eigenskapane og kvaliteten på materialet og grunngi eigne val knytte til ordre og stil og uttrykk for produktet
  • vurdere, bestille og bruke ulike botaniske materiale og støttemateriell i eige arbeid og gjere greie for konsekvensane av ulike val, med utgangspunkt i ein etisk og miljøvennleg produksjon i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv
  • gjere greie for opphav, naturleg sesong og stell for eit breitt utval av botaniske materiale og bruke denne kunnskapen i kommunikasjon med kundar og i praktisk arbeid
  • gjere greie for og nytte tiltak mot sjukdommar på stoveplanter
  • gjere greie for korleis kulde, varme, støyt og feilvatning skader blomstrar og planter, og vurdere korleis dette kan førebyggjast
  • norske og vitskaplege namn på botaniske materiale og bruke desse i kommunikasjon med kundar og leverandørar (Henta frå læreplan i vg2 blomsterdekoratør)
  • undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)

Undervegsvurdering