Vurdering av realkompetanse for vaksne

Vaksne som ikkje har vidaregåande opplæring, kan få sin kompetanse kartlagd, vurdert, verdsett og dokumentert.

Realkompetansen til den vaksne kan vere tileigna gjennom formell, uformell og ikkje-formell læring. Dersom den vaksne sin realkompetanse er likeverdig med den kompetansen ein oppnår gjennom vidaregåande opplæring, skal han godkjennast.

Resultatet av realkompetansevurderinga skal førast på eit kompetansebevis. Godkjend realkompetanse kan gi den vaksne dokumentasjon på godkjend kompetanse i fag og han kan nyttast til å avkorte og tilpasse det opplæringstilbodet som trengs for å oppnå yrkeskompetanse.

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring og vaksne som blir tilvist frå Nav eller kommunen har krav på å bli realkompetansevurdert og få utferda eit kompetansebevis.

Utdanningsdirektoratet har utarbeida nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering  av vaksne i vidaregåande opplæring.

Fagopplæringskontora i fylka hjelper bedrifter og elevar med spørsmål om opplæring i bedrift.