Risikoleik for barn som er 1-3 år

Då forskaren Rasmus Kleppe fann ut at vi veit veldig lite om risikofylt leik blant dei yngste barna, bestemte han seg for å forske på det sjølv.

Praksisfortelling: Full fart i akebakken

Rasmus Kleppe har sjølv jobba som barnehagelærar i mange år. Då la han merke til kor givande den litt skumle leiken er for mange barn: Å ake litt fort ned ein bakke. Å jage kvarandre rundt. Å klatre litt for høgt opp.

Kleppe trur til liks med mange andre at denne typen leik kan gjere barna betre rusta til å handtere utfordringar – ikkje berre i barndommen, men også seinare i livet.

Han kallar det risikofylt leik. Dette er leik som involverer uvisse og utforsking. Frykt og fysiske skadar kan vere negative konsekvensar av denne leiken. Men moglege positive konsekvensar er meistring og spenningsfylte opplevingar.

 

Dette veit vi om overdrive vern

Kleppe fann få studiar som kunne dokumentere positive sider ved risikofylt leik, særleg blant dei yngste barna. Forskinga på området seier mest om kva det motsette – overdrive vern av barn – kan gjere med dei, fortel forskaren.

– Vernar du eit barn for mykje, så mistar barnet moglegheita til sjølv gradvis å gjere seg eigne vurderingar. Barnet får ikkje læring i det å handtere uvisse.

– Når et barn opplever at verda er usikker, blir det engsteleg. Og dersom du sjølv plutseleg må begynne å vurdere mange ting som er usikre, utan at du har fått noka gradvis erfaring med det, så kan verda opplevast som meir truande enn ho eigentleg er.

 

«Prisen vi må betale for at eit barn heilt unngår å skade seg, kan bli høg på sikt.»

 

Kva med dei yngste?

Tidlegare studiar har dokumentert at barn over tre år kan like å oppleve risiko når dei leikar. Men kva med dei yngste barna? Liker dei risiko? Og på kva måte vil dei då leike risikofylt?

Kleppe gjorde studien sin i småbarnsavdelingar i fem norske barnehagar. Første del av studien handla om observasjon. Forskaren kunne slå fast at også barn i denne alderen leikar risikofylt med vitende og vilje. Så fann han eit system for å dokumentere det han observerte, sånn at det kunne bli mogleg for han å samanlikne det han såg i ulike avdelingar i barnehagane.

Kleppe studerte i alt 53 barn og 21 tilsette over ein periode. Han konsentrerte seg mest om det som det var lettast å observere, nemleg faren for å slå seg og bli skadd fysisk.

Forskaren såg på heile barnegruppa samla mens dei leika saman. Han noterte, og han filma situasjonar der det var ei ørlita moglegheit for å skade seg.

 

 

Ikkje mykje hyl og skrik

Når vi tenkjer på risikofylt leik, så tenkjer nok mange av oss på lyden frå ein barnehage. Ofte høyrer vi hyl og skrik og mykje skrekkblanda fryd.

Kleppe blei merksam på at det sjeldan er dei yngste barna som lagar desse lydane. Det er vanskelegare å sjå og høyre spenning hos små barn, fortel han. Dei har forholdsvis få verbale uttrykk og gjerne mindre mimikk og kroppsspråk enn eldre barn i desse situasjonane. Dei verkar ofte djupt konsentrerte.

Etter å ha observert dei fleire gonger blei han betre kjend med kvart enkelt barn. Då blei det enklare å sjå om dei var i ein situasjon som dei sannsynlegvis opplevde som spennande.

– Det var ofte snakk om berre eit lite smil eller eit bitte lite jubelrop. Kanskje nølte dei litt eller valde ein annan strategi i leiken.

Han fann store forskjellar mellom barna. Nokre elska å utfordre seg sjølve og ta risiko. Andre var veldig forsiktige.

– Sånn er det jo resten av livet òg. Vi menneske har i veldig ulik grad lyst til å utsetje oss for risiko. Og kva slags type risiko vi vil utsetje oss for, er ulikt. Nokre kan like sosial risiko, mens andre kan like fysisk risiko.

 

« «Stillasbygging» handlar om at den vaksne meistrar kunsten å gi barnet akkurat passe mykje hjelp.»

 

Gi barnet passe mykje hjelp

Kleppe hadde eit spesielt blikk på samspelet mellom dei små barna og personalet i leiken. Då fann han fleire ting som overraska han litt. Han hadde ei førestilling om at personalet var meir opptekne av å verne barna frå å skade seg enn det han såg at dei faktisk var.

Eit sentralt omgrep i forskinga til Kleppe er stillasbygging. Det handlar om at den vaksne meistrar kunsten å gi barnet akkurat passe mykje hjelp.

– Dei tilsette skal leggje til rette for at barn lærer å meistre noko nytt. Då må vi leggje til rette på rett måte. Vaksne skal oppmuntre, men ikkje presse barnet til å gjere noko det er engsteleg for. Dette kan vere ein vanskeleg balansegang.

– Gir ein barnet for mykje hjelp, lærer det seg hovudsakleg å be om hjelp i liknande situasjonar. Til dømes til å klatre opp på klatrestativet eller komme seg ned frå sofaen. Gir vi barnet for lite hjelp, kan ting bli for vanskelege, og då gir barnet kanskje opp.

 

Dei fleste tilsette var støttande

Kleppe såg få døme på at vaksne i barnehagane han studerte, avbraut barnet i leiken og til dømes løfta det ned frå sofaen eller frå klatrestativet utan å forklare noko meir. Han såg klart oftare at dei tilsette støtta barnet. At dei fungerte som stillasbyggjarar. Forskaren observerte også at dei tilsette i lita grad var engstelege for risikofylt leik.

Men han observerte også noko anna: I rundt 40 prosent av alle tilfella reagerte ikkje dei vaksne i det heile på situasjonar med risikofylt leik blant dei aller yngste barna. Kleppe har brukt tid på å fortolke dette siste. Kvifor såg han så mange døme på at samspelet ikkje er til stades når barna leikar risikofylte leikar?

Det kan handle om fleire ting, meiner forskaren.

– I norske barnehagar er mange opptekne av at barna skal få leike fritt, utan at dei vaksne blandar seg inn. Det kan også handle om at leiken til dei små barna er så subtil. Derfor lar dei vaksne desse små barna få halde på og tenkjer ikkje på at dei treng å støtte dei der og då.

 

Bør lage «risikorom» for dei yngste

Kleppe observerte at det er store forskjellar mellom ein eittåring og ein treåring når det gjeld risikofylt leik. Når barna nærmar seg tre år, begynner dei å bruke kroppen på ein heilt annan måte. Dei blir meir mobile og begynner å springe og klatre med større rørsler.

I barnehagar er det ofte utandørs at det er mest lagt til rette for fysisk leik. Men ikkje alle barnehagar er lagde til rette med utfordringar som også passar for dei yngste barna.

– I nokre barnehagar er til dømes klatrestativa ikkje så godt tilpassa dei yngste. Det er ikkje så lett å finne noko ute som er passe utfordrande for dei.

Då blir det endå viktigare å leggje til rette for risikofylt leik innandørs, meiner Kleppe. Særleg for dei aller yngste.

– Det handlar mellom anna om trygge underlag. Og moglegheiter for sjølv å byggje og lage utfordringar. Gjerne noko barna sjølve kan flytte på.

Det er også viktig å ha tilstrekkeleg med plass til denne typen aktivitetar i barnehagen, og at personalet anerkjenner og kjenner seg trygge på leiken, påpeikar han.

– Vi veit at mange barnehagar har puterom. Desse romma blir kanskje overtekne av eldre barn, og det kan bli heftig. Då blir det viktig å sørgje for eiga tid i slike rom også for dei yngste barna, eller å sørgje for at eldre barn tek omsyn.

 

 


Kor mange småskadar må vi akseptere?

Kleppe er sjølv av den oppfatninga at når barnehagen er ein læringsinstitusjon, så bør barn få engasjere seg i risikofylt leik og dra nytte av den læringa leiken kan gi.

– Vi skal sjølvsagt jobbe for å unngå fysiske skadar i barnehagen. Samfunnet har gjort enorme framsteg med å unngå at barn skader seg. Men det er ein balanse her.

– Det er lett å dokumentere kor få skadar vi har oppnådd. Det er vanskelegare å dokumentere ein positiv effekt av risikofylt leik, og implisitt kor mange småskadar vi må kunne akseptere. Unngår vi at barn skader seg, er det fint. Men prisen vi må betale for at eit barn heilt unngår å skade seg, kan bli høg på sikt.

Kleppe seier at dei tilsette i studien hans verka trygge på leiken og i stor grad støtta han på ein god måte.

– Eg har også forståing for dei som er usikre. Det er store verdiar vi forvaltar i barnehagen. Ingen ønskjer at barn skal bli skadde. Det finst mange vegar til gode faglege avgjerder. Det vil stort sett alltid dreie seg om kunnskap og dialog, både med kollegaer og med foreldre.