Forskningskartlegging

Noko nedgang i kvalitet på barnehageforskinga

Talet på publiserte studiar om skandinavisk barnehageforsking heldt fram med å auke i 2021, samanlikna med tidlegare år. Samla sett blir studiane vurderte til å vere av noko lågare kvalitet.

Hovudfunn

  • Det er framleis auke i talet på publiserte studiar om skandinavisk barnehageforsking.
  • Det er ein nedgang i delen av studiar som er vurderte til høg kvalitet, samtidig som det er ein auke i delen av studiar vurdert til låg kvalitet.
  • Auken i delen av studiar publisert på engelsk held fram, og studiar på engelsk blir vurdert til høgare kvalitet.
  • Studiar blir i aukande grad basert på informasjon gitt av vaksne - ikkje av barn.
  • Kvalitativ metode er framleis sterkt dominerande.

Om rapportserien