Forskrift til opplæringslova
§ 6A-8 Unntak frå opplæringsordninga for lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat med nedsett funksjonsevne
Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett unntak frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne. For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 flg.
Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).