Forskrift til privatskolelova
§ 3-35. Annullering av eksamen
Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.
Elevar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.
Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av dagleg leiar sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for dagleg leiar før dagleg leiar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen.
For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.
Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, jf. forskrift til opplæringslova § 3-10, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.
0 Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 22 mars 2018 nr. 449, 2 juli 2018 nr. 1149 (i kraft 1 aug 2018, se endringsforskriften for merknad til endringen i andre ledd).