Samfunnsøkonomi (SOK01‑03)
Kjerneelement
Ressursbruk og fordeling
Kjerneelementet ressursbruk og fordeling handlar om korleis samfunn bruker arbeidskraft, realkapital og naturressursar til å produsere varer og tenester, og korleis verdiskapinga blir fordelt mellom dei ulike aktørane. Det handlar òg om korleis ulike marknadsformer fungerer, kva det vil seie at marknader er effektive, kva årsakene kan vere dersom dei ikkje er det, og kva moglegheiter styresmaktene har til å rette opp marknadssvikt.
Samfunnsøkonomisk metode og analyse
Kjerneelementet samfunnsøkonomisk metode og analyse handlar om økonomiske årsakssamanhengar. Det inneber å forklare og bruke teori og grafiske modellar og å knyte analysen til den økonomiske verkelegheita.
Makroøkonomi og økonomisk politikk
Kjerneelementet makroøkonomi og økonomisk politikk handlar om korleis nasjonale og internasjonale forhold påverkar nasjonale økonomiar, og korleis styresmaktene prøver å styre den økonomiske utviklinga ved hjelp av ulike økonomiske verkemiddel. Kjerneelementet handlar òg om global økonomi, finansmarknader, konjunkturar, økonomisk utvikling og økonomisk politikk.