Læreplanteksten er oppdatert med valet ditt.

Samfunnsøkonomi (SOK01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter samfunnsøkonomi 1

  • velje og bruke kjelder, økonomiske teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar
  • gjere greie for ulike marknadsformer og bruke desse til å analysere ulike marknader
  • bruke reallikninga til å analysere samanhengen mellom tilgang på og bruk av varer og tenester i ein økonomi
  • beskrive hovudtrekka i privat og offentleg sektor i Noreg og drøfte moglegheiter og utfordringar for næringsliv og offentleg sektor i åra framover
  • drøfte årsaker til økonomisk vekst og reflektere over bruttonasjonalproduktet som mål for verdiskaping
  • reflektere over ulike sysselsetjingstiltak og drøfte korleis tiltaka kan påverke ulike typar arbeidsløyse
  • gjere greie for korleis prisstigning blir målt, og drøfte årsaker til og konsekvensar av prisstigning
  • gjere greie for formålet med pengepolitikk og finanspolitikk og korleis politikken påverkar økonomien
  • vurdere moglegheitene og utfordringane i finansmarknadene for utviklinga av samfunnsøkonomien
  • utforske og reflektere over kva som påverkar lønnsskilnader, inntektsfordeling og økonomisk ulikskap, og korleis styresmaktene kan påverke dette
  • reflektere over samanhengen mellom økonomisk aktivitet og miljøutfordringar, og kva som skal til for å oppnå berekraftig vekst og utvikling
  • analysere kva som påverkar valutakursane, og drøfte konsekvensar av endringar i valutakursen
  • gjere greie for årsaker til internasjonal handel og drøfte moglegheiter og utfordringar knytte til økonomisk globalisering

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering