Psykologi (PSY01‑04)
Kjerneelement
Tankar, emosjonar og åtferd
Kjerneelementet tankar, emosjonar og åtferd handlar om å forstå psykologiske prosessar og menneskeleg åtferd og samspelet mellom dei. Kjerneelementet handlar om å nærme seg kunnskap om tankane, emosjonane og åtferda til mennesket gjennom ulike perspektiv, metodar og teoriar. Kjerneelementet handlar òg om korleis tankar, emosjonar og åtferd blir påverka av individuelle, situasjonsbundne og sosiale faktorar, og at det er stor variasjon i korleis individet forheld seg til og blir påverka av ulike faktorar.
Menneskeleg utvikling og samspel
Kjerneelementet menneskeleg utvikling og samspel handlar om korleis arv, miljø og psykologiske prosessar påverkar utviklinga til mennesket i eit livslangt perspektiv. Kjerneelementet handlar om individet og rolla til individet i samspel med andre. Det handlar òg om korleis vala ein tek, blir påverka av både individuelle og sosiale faktorar. Kjerneelementet handlar vidare om korleis menneske møter og handterer utfordringane i livet, og om korleis psykologifagleg kunnskap kan nyttast i ulike situasjonar og yrke. Identitet og tilhøyrsel og kva som påverkar mennesket si oppleving og forståing av seg sjølv og andre, inngår òg i kjerneelementet.
Vitskapleg og kritisk tenking
Kjerneelementet vitskapleg og kritisk tenking handlar om å kunne skilje mellom framstillingar av ulike psykologiske tema med varierande grad av fagleg forankring og å kunne vurdere gyldigheita av påstandar og argument. Det handlar òg om å knyte psykologiske tema opp mot forskingsmetode for å forstå korleis psykologiske problemstillingar kan undersøkjast, og korleis teoriar kan svekkjast eller styrkjast. Kjerneelementet handlar vidare om å utvikle og nytte eit psykologisk omgrepsapparat og å møte faget med ei aktiv utforskande tilnærming som opnar for nysgjerrigheit, kreativitet, vitskapleg tenkjemåte og kritisk refleksjon.