Vg3 produksjonsteknikkfaget (PRT03‑02)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 produksjonsteknikkfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis bruk av teknologi og industrielle prosessar påverkar berekrafta i eit samfunn. Vidare handlar det om kunnskap om og forståing for korleis ulike prosessar og nye måtar å bruke ulike materiale på kan endre kor berekraftig produksjonen er. Det handlar òg om korleis val av energi frå ulike kjelder kan påverke både prosessar og produksjonsmetodar, avhengig av materialval og i kva grad avgrensa ressursar blir utnytta på ein berekraftig måte.