Politikk og menneskerettar (POS05‑02)
Tverrfaglege tema
Demokrati og medborgarskap
I politikk og menneskerettar handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at demokratiet ikkje kan takast for gitt, men må haldast ved like og utviklast. Det handlar vidare om korleis ulik fordeling av politiske ressursar gir ulik grad av innverknad og deltaking. Faget skal bidra til bevisstgjering om rolla vår som medborgarar i samfunnet og ansvaret vårt for å utvikle demokratiet i dialog med menneske som har andre meiningar. Det tverrfaglege temaet handlar òg om at likeverd, slik det kjem til uttrykk i menneskerettane, er ein viktig og sentral verdi i demokratiske samfunn.
Berekraftig utvikling
I politikk og menneskerettar handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å utforske problemstillingar knytte til miljø og klima, verdiskaping, fattigdom og fordeling. Det handlar vidare om å utforske korleis ulike politiske verkemiddel kan skape spenningar mellom rike og fattige statar, mellom regionar og mellom samfunnsklassar.