Politikk og menneskerettar (POS05‑02)
Kjerneelement
Politisk teori og demokratiforståing
Kjerneelementet politisk teori og demokratiforståing handlar om kunnskap om statsvitskapleg forsking og om teoriane, modellane og omgrepa i faget og å bruke desse for å analysere lokale, nasjonale og internasjonale politiske problemstillingar. Kjerneelementet handlar òg om kjenneteikn, føresetnader og utfordringar for demokratiet. Vidare handlar det om styresettet i ulike statar og samanlikning av dette.
Makt, påverknad og medborgarskap
Kjerneelementet makt, påverknad og medborgarskap handlar om korleis aktørar på ulike nivå kan påverke politiske avgjerdsprosessar. Det handlar òg om å analysere makta og maktbruken til aktørane nasjonalt og internasjonalt, og om korleis politikk er eit resultat av samhandling og konflikthandtering. Kjerneelementet omfattar òg informasjonsinnhenting, kritisk tenking og utøving av lokalt, nasjonalt og globalt medborgarskap.
Menneskerettar og den internasjonale rettsordenen
Kjerneelementet menneskerettar og den internasjonale rettsordenen handlar om rolla og betydninga av menneskerettane. Det handlar vidare om internasjonal rett og om korleis han blir etablert og utvikla og påverkar handlingsrommet til ulike aktørar.
Politiske institusjonar, aktørar og prosessar
Kjerneelementet politiske institusjonar, aktørar og prosessar handlar om det politiske systemet i samfunnet på ulike nivå. Det handlar vidare om korleis ulike nasjonale og internasjonale aktørar deltek i politiske avgjerdsprosessar, og om dei reglane og rammevilkåra desse er underlagde. Kjerneelementet handlar òg om korleis sivilsamfunnet, økonomiske aktørar og internasjonal politikk set grenser for handlingsrommet til den nasjonale politikken.