Politikk og menneskerettar (POS05‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • vurdere informasjon for å analysere faglege spørsmål og problemstillingar
  • bruke statsvitskaplege teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar
  • reflektere over kva det inneber å vere medborgar, samanlikne styreforma i ulike statar og analysere utviklinga og utfordringane til demokratiet
  • utforske og analysere nasjonale og internasjonale saker eller konfliktar i eit statsvitskapleg perspektiv
  • gjere greie for maktforhold, konfliktdimensjonar og kanalar for politisk innverknad i det norske politiske systemet og drøfte korleis dette kjem til uttrykk i praktisk politikk
  • bruke samfunnsvitskapleg metode for å analysere og drøfte veljaråtferd og politisk deltaking
  • utforske, analysere og drøfte dagsaktuelle problemstillingar knytte til berekraft og fordeling
  • drøfte rettane til urfolk og minoritetar nasjonalt og internasjonalt og problemstillingar knytte til politisk innverknad
  • vurdere betydninga av menneskerettane for demokratiet og velferdsstaten
  • vurdere rolla og betydninga av folkeretten nasjonalt og internasjonalt
  • utforske institusjonar og aktørar som overvaker og handhevar menneskerettane, og drøfte forholdet mellom statleg, mellomstatleg og overstatleg utøving av mynde
  • gjere greie for det norske politiske systemet lokalt og nasjonalt og drøfte kva utfordringar det norske demokratiet står overfor
  • utforske og drøfte korleis det internasjonale politiske systemet handterer problemstillingar knytte til krig og fred, sikkerheit, samarbeid og konfliktløysing

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering