Identiteten og sjølvbiletet, meiningane og haldningane til elevane blir til i samspel med andre. Sosial læring skjer både i undervisninga og i alle andre aktivitetar i regi av skolen. Fagleg læring kan ikkje isolerast frå sosial læring. I det daglege arbeidet speler derfor elevane si faglege og sosiale læring og utvikling saman.
Å kunne setje seg inn i kva andre tenkjer, føler og erfarer, er grunnlaget for empati og vennskap mellom elevane. Dialog står sentralt i sosial læring, og skolen skal formidle verdien og betydninga av ein lyttande dialog for å takle motstand. I møte med elevane skal lærarane fremje kommunikasjon og samarbeid som gir elevane mot og tryggleik til å ytre eigne meiningar og til å seie ifrå på vegner av andre. Å lære å lytte til andre og samtidig argumentere for eigne syn gir elevane eit grunnlag for å handtere usemje og konfliktar, og for å søkje løysingar i fellesskap. Alle skal lære å samarbeide, fungere saman med andre og utvikle evne til medbestemming og medansvar. Elevane og heimen har òg eit ansvar for å bidra til ein god fellesskap og eit godt miljø. Slik den enkelte eleven bidrar til fellesskapen på skolen, bidrar fellesskapen til trivsel, utvikling og læring for den enkelte.
God dømmekraft hos den enkelte er nødvendig for å vareta personvern og respekt for privatlivet. Respektlause og hatefulle ytringar skal ikkje aksepterast i skolen. Elevane må øvast i å opptre omsynsfullt og utvikle bevisstheit om eigne haldningar. Ulike kommunikasjonsformer og bruk av teknologi gjer det sosiale miljøet rikare, men utfordrar det òg. Elevane må lære seg å opptre ansvarleg i alle samanhengar i og utanfor skolen.