Ergonomi og bevegelse (MUS04‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I ergonomi og rørsle handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å setje og utfordre fysiske og mentale grenser, og om korleis meistringsopplevingar bidreg til å utvikle eit positivt sjølvbilete, ein trygg identitet og respekt for andre. Det handlar òg om å erfare rørsleglede og tileigne seg kunnskapar om arbeidsfysiologi som grunnlag for varig god helse som musikar.