Målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (MOT05‑01)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før sveineprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen som er laga ut frå læreplanen i vg3 målar- og overflateteknikkfaget (MOT03-01). Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne skal avsluttast med ei sveineprøve. Sveineprøva lagast ut frå læreplanen i vg3 målar- og overflateteknikkfaget (MOT03-01). Alle skal opp til sveineprøva som skal gjennomførast over minst fem vyrkedagar.
