Læreplanteksten er oppdatert med valet ditt.

Matematikk S (MAT04‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter matematikk S1

  • planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid med reelle datasett knytte til samfunnsøkonomiske tema og forhold, og analysere og presentere funn
  • uttrykkje eigne resonnement ved hjelp av matematiske omgrep og symbolspråk
  • forstå omgrepa gjennomsnittleg og momentan vekstfart, grenseverdi og derivasjon og bruke desse for å løyse praktiske problem
  • bruke ulike strategiar for å utforske og bestemme grenseverdiar til funksjonar, og utforske og argumentere for bruksmåtar for grenseverdiar
  • bruke derivasjon til å analysere og tolke eigne matematiske modellar av reelle datasett
  • bruke derivasjon til å analysere og forstå optimaliseringsproblem
  • utforske og gjere greie for eigenskapane ved potensar og logaritmar og gi døme på reelle bruksmåtar for desse eigenskapane
  • utforske og forstå reknereglar for potensar og logaritmar og bruke ulike strategiar for å løyse eksponentiallikningar og logaritmelikningar
  • gjere greie for og argumentere for om ein funksjon er kontinuerleg eller diskontinuerleg i eit punkt i eit definisjonsområde, og gi døme på bruksmåtar for funksjonar som ikkje er kontinuerlege
  • utforske og forstå kombinatoriske forsøk med ordna og uordna utval
  • bruke digitale verktøy til å simulere og utforske utfall i stokastiske forsøk og forstå omgrepet stokastiske variablar
  • analysere eit problem der sannsyn og kombinatorikk inngår, og bruke ulike strategiar i problemløysinga
  • utforske og tolke binomiske og hypergeometriske fordelingar og gi døme på reelle bruksmåtar for desse fordelingane

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering