Fysikk (FYS01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Fysikk handlar om å forstå den fysiske verda, frå dei minste partiklane til heile universet. Faget gir elevane innsikt i korleis verda er bygd opp, høve til å sjå samanhengar i naturlege fenomen og verktøy til å føreseie utfall av fysiske prosessar. Fysikk handlar òg om korleis teknologisk utvikling påverkar individet og samfunnet. Kompetanse i analytisk tenking og problemløysing førebur elevane til vidare utdanning og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Fysikk skal bidra til at elevane utviklar ein vitskapleg og kritisk tenkjemåte, og til at dei får høve til å reflektere over korleis naturvitskapleg kunnskap blir utvikla. I fysikk skal vitskaplege påstandar kunne utfordrast både teoretisk og eksperimentelt, og nye innsikter og metodar skal bidra til at vitskapen utviklar seg. Faget skal gi elevane rom til undring, og den utforskande og eksperimentelle eigenarten ved faget skal leggje til rette for at elevane får utfalde nysgjerrigheit, skaparglede og engasjement. Fysikkfaget skal bidra til at elevane anerkjenner verdien av samarbeid og idéutveksling for å utvikle kunnskap og forståing.