Vg3 fiske og fangst (FFA03‑03)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i vg3 fiske og fangst skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på éin–to vyrkedagar.
Fagprøva skal gjennomførast i tråd med gjeldande krav og regelverk frå Sjøfartsdirektoratet for alle med læretid på båtar over 500 bruttotonn.