Drama og samfunn (DRA04‑02)
Kjerneelement
Leiaren og formidlaren
Kjerneelementet leiaren og formidlaren handlar om å innta ei leiande og kommuniserande rolle i ulike drama- og teaterfaglege prosessar. Det handlar vidare om å bruke dramaturgisk og estetisk kompetanse i varierte formidlingssituasjonar og om å forstå ulike tilnærmingar til leiing. Kjerneelementet handlar òg om å forstå leiing i eit teoretisk, filosofisk og psykologisk perspektiv og om å vareta etiske aspekt i kunstdidaktiske prosessar.
Estetiske læreprosessar
Kjerneelementet estetiske læreprosessar handlar om å gi læring ei estetisk form. Det handlar om å utforske og reflektere over mellommenneskelege og samfunnsmessige dilemma i spennet fiksjon–verkelegheit og i arbeid med estetisk fordobling. Det omfattar å erfare korleis estetiske læreprosessar aktiverer kropp, kjensler og sansar. Kjerneelementet handlar om arbeid med estetisk oppleving, praksis og kritikk.
Drama og anvendt teater
Kjerneelementet drama og anvendt teater handlar om å få kjennskap til og erfaring med eit breitt spekter av drama- og teaterfaglege uttrykksformer og metodar. Det handlar om å bruke desse i arbeid med deltakarar på ulike samfunnsarenaer, i varierte kunstnariske og dramapedagogiske kontekstar. Kjerneelementet handlar òg om eigenarten i dramafaget og forankring i leiken, pedagogikken og teaterkunsten.