Drama og samfunn (DRA04‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Drama og samfunn handlar om læring og danning ved eit mangfald av samfunnsarenaer og i varierte kunstnariske kontekstar. Faget skal gi elevane høve til å arbeide med drama- og teaterfaglege uttrykksformer og estetiske læringsprosessar. Gjennom å arbeide med ulike former for leiing og bruk av drama og teater som metode gir faget elevane innsikt i eigne læringsprosessar og ulike perspektiv på læring og utvikling. Faget skal bidra til at elevane utviklar engasjement, og til at dei deltek aktivt i samfunns- og arbeidsliv i skjeringspunktet mellom didaktikk, kunst og leiing.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Drama og samfunn skal bidra til å leggje til rette for drama- og teaterprosessar i arbeid med aktuelle problemstillingar i samfunnet. Gjennom aktivitetar i faget skal elevane få høve til å utvikle forståing av korleis mellommenneskelege dilemma, verdiar og idear kan utforskast, ved å bruke teater og drama som metode. Faget skal gi elevane innsikt i korleis vi lever saman i eit mangfaldig samfunn med ulike perspektiv, haldningar og livsoppfatningar.