Drama og samfunn (DRA04‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje, gjennomføre og vurdere drama- og teateraktivitetar for og med ulike målgrupper
- leie og formidle i skapande arbeid og grunngi val ut frå kunnskap om leiing av drama- og teaterprosessar
- gjere greie for dramapedagogiske og læringsteoretiske perspektiv og prøve ut desse i praktisk arbeid
- leggje til rette for og reflektere over estetiske læreprosessar ved å bruke narrative, estetiske og dramaturgiske inngangar
- drøfte samanhengar mellom leik, drama og teater og utforske dette i skapande arbeid
- utforske og reflektere over mellommenneskelege og samfunnsmessige dilemma og utfordringar, og trekkje dette inn i arbeid med kunstnariske og pedagogiske prosessar og produkt
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i drama og samfunn. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei leier og formidlar, og når dei tek i bruk estetiske læreprosessar i arbeid med drama og teater. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse i faget når dei reflekterer over erfaringane og prosessane ved hjelp av leiingsteori, pedagogisk teori og teaterfagleg teori.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å gi elevane erfaring med å leie andre og sjølv bli leidde i ulike drama- og teaterprosessar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å leie estetiske læreprosessar og i å bruke drama og i teater som metode, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å innta ei leiande og kommuniserande rolle, utforske og reflektere over estetiske læreprosessar og vise kjennskap til eit breitt spekter av drama og teaterfaglege metodar.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter drama og samfunn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i drama og samfunn basert på kompetansen eleven har vist ved å leie og reflektere over estetiske læreprosessar, bruke og vise forståing av drama og teater som metode i prosessar og produkt og leggje til rette for ulike lærings- og formidlingssituasjonar.