Teater i perspektiv (DRA03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Teater i perspektiv handlar om å setje seg inn i og forstå teater som kunstform, den sosiale dimensjonen til teateret og korleis det både speglar eit samfunn og påverkar det. Faget skal gi elevane høve til å bruke historisk, dramaturgisk og analytisk innsikt til å forstå korleis drama og teater kan oppstå som kunstnarisk uttrykk. Gjennom skapande arbeid, refleksjon og kritisk tenking skal faget bidra til at elevane får innsikt i kompleksiteten til teaterfaget og utviklar forståing av teaterkunst i eit historisk og samtidig perspektiv. Faget gir elevane verktøy til å kunne ta ei analytisk rolle i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Teater i perspektiv skal bidra til at elevane får innsikt i ulike kulturelle uttrykk og utviklar skaparglede, samfunnsengasjement og evne til demokratisk medverknad. Gjennom praktisk aktivitet, kritisk tenking og analyse får elevane høve til å utvikle forståing av teateret som ytringsform, både politisk, kulturelt og historisk. Teater i perspektiv gir elevane høve til å skape eigne meiningar og formidle dei i ulike situasjonar på ein sjølvstendig måte.