Teater i perspektiv (DRA03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter teater i perspektiv 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- analysere og reflektere over form, innhald og dramaturgiske val i arbeid med ulike teatrale ytringar
- gjere greie for utviklinga til teateret gjennom historia og utforske utviklinga i eige arbeid med teater i eit samtidsperspektiv
- leiekreative prosessar og gjere greie for eigne kunstnariske val i arbeid med teater
- analysere og bruke ulike dramaturgiske modellar og inngangar i samtidsteateret og bruke desse i framsyningsarbeid
- skape eigne teateruttrykk og ytringar på ulike samfunnsarenaer og reflektere over eige arbeid i eit politisk, kulturelt og samfunnsmessig perspektiv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teater i perspektiv 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei utforskar dramaturgi og teaterkunst gjennom sitt eige skapande arbeid og kritisk tenking. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei analyserer ulike teatrale ytringar og reflekterer over teater i ein politisk, kulturell og samfunnsmessig kontekst og i eit historisk perspektiv. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei bruker kunnskap om teateret til å skape og reflektere over eigne kunstnariske uttrykk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får arbeide på ulike måtar med politiske, kulturelle, samfunnsmessige og historiske perspektiv på teater. Læraren skal òg leggje til rette for at elevane får arbeide praktisk med sceniske og dramaturgiske inngangar for å skape eigne kunstnariske uttrykk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i teateranalyse, dramaturgi og refleksjon over teater i kontekst, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke tilbakemeldingane for å forstå teateret i ein større politisk, kulturell, samfunnsmessig og historisk kontekst og bruke denne forståinga i diskusjonar, refleksjonar og skapande arbeid med teater.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teater i perspektiv 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teater i perspektiv 2 basert på kompetansen eleven har vist ved å skape og analysere eigne kunstnariske uttrykk og teatrale ytringar og reflektere over teater som estetisk og kunstnarisk uttrykk i eit politisk, kulturelt, samfunnsmessig og historisk perspektiv.