Endring i Læreplan i vg3 snikkarfaget

Endringene trer i kraft 1.8.2022 og gjelder læreplanen som har koden SNE03-01.

To kompetansemål er endra.

Endring 1

Kompetansemålet "planleggje å produsere produkt i trebaserte materialar, arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektivitet og verknader for miljøet" er endra til: "planleggje å produsere produkt, arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektivitet og verknader for miljøet".

Endring 2

Kompetansemålet "framstille trevareprodukt, vurdere konsekvensar av fukt i materialane og luftfukt i bygget og settje i verk tiltak" er endra til "framstille produkt, vurdere konsekvensar av fukt i materialane og luftfukt i bygget og settje i verk tiltak".

Bakgrunn

Endringane er gjort for å dekka behovet for ein materialuavhengig læreplan. Då kan òg bedrifter som innreder og monterer veggsystem, himlinger, dører, vindauge, møblar, kjøle- og fryserompanel og portar i andre materiale enn tre bruka læreplanen og ta inn lærlingar. Dette er aktuelt i til dømes skip, båtar og offshoreinstallasjoner.

Sjå læreplanen